Senioringeniør Stein Wisthus Johansen i Energi- og Konsesjonsavdelinga i NVE melder i ein e-post til hyttelaget at det ikke vert synfaring i Hamlagrø / Bergsdalsvassdraget før etter sommaren. Dato er enno ikke fastsett.
Dugnad på Søreplassen 11.06 frå 11.00
Årets dugnad for å setje opp gjerde, rydda langs båtopptrekket og gjera anna vedlikehald, vert laurdag 11.06 frå kl 11.00.

Hugs å betala kontingent for 2022
Kontingenten er som før Kr 350,- som og inkluderer fiskekort.
Får de og med gards/bruks og festenr. så slepp me å bruka tid på purring 🙂

Årsplan 2022-23
På styremøtet 15.03 sette me opp denne planen for aktivitetar (oppdatert 03.06):

Årsmøtet på Bjørkheim
22.02. gjennomførte me årsmøte. Referat finn du på sida for årsmøtet.
Ønskjer du å koma i kontakt med styret? Me har e-post: styret@kyrkjevika.no
(dette er ei einvegs adresse du berre kan senda til)
Oppdatering om vilkårsrevisjon
Det har vore bra med merksemd om denne saka i den seinare tid.
Leiaren gav ei orientering om saka på årsmøtet.
Etter årsmøtet var det medlemsmøte og der kom det fram at Eviny (før BKK) har orientert Kvam Herad om at dei vil ta opp att planar om å overføra meir vatn frå elvar og bekker mellom Skrott og Manfjell til Hamlagrø.
Prosjektet har vore påtenkt sidan 70-talet. Det er og nemnt i BKK sitt revisjonsdokument. Til forskjel frå i tidlegare vert det no omtala «mikrotunnel / borehol» – kva no det måtte ha å sei.
Presentasjonen Eviny gav Kvam Herad finn du her.
Både Kvam Herad og Voss Herad har gjort vedtak om å be NVE om å stogga tappinga av vatnet 1. mai (mot 15. mai i dag) og om ikkje å tappa igjen før vatnet har nådd kote 585 (mot 584 i dag).
Statsforvaltaren i Vestland, Kvam Herad og FNF Hordaland har i tillegg bede om at NVE og vil ta omsyn til ferdsle på og rundt vatnet – sommar som vinter.
Kyrkjevika Hyttelag sitt høyringssvar, Hamlagrøvatnets Vel, samt svara til Rykkje Grendalag, Blåkoll sameige og Grunneigarane i Sveindalen og alle andre innkomne svar, finn de på NVE si side for denne revisjonen.
Neste steg i prosessen vert at me gjer førebuingar til å vera med på NVE si synfaring.
Vidare vil styret i Hyttelaget gjera sitt beste for å fremja vårt syn både gjennom sosiale medier og gjennom direkte kontakt. Alt vert gjort i samråd med grunneigarane på Rykkje og i Blåkoll og med «Hamlagrøvatnets Vel».
Det meste av kommunikasjonen finn de i filmappa for 2022.

Høyringssvar til NVE

Fyrste november gjekk fristen ut for å senda høyringssvar til NVE i samband med vilkårsrevisjon for Bergsdals- og Torfinnsvassdraget.
Som de veit, har styret arbeidd med dette ei stund og har på vegne av dykk som er medlemmer, levert vårt svar. Her har me lagt vekt på tre problemstillingar som me meiner er dei viktigaste for oss som har hytte på den veg- og straumlause sørsida av vatnet:
- ferdsel om vinteren – det viktigaste punktet
- sommarferdsel med båt
- sikring av dei kunstige overføringselvane i området
Det har og vore viktig for oss å gjera revisjonen kjent for andre med interesser i Hamlagrøområdet. Me trur me har lukkast med det og det vil truleg vera fleire fråsegner som stør oss i våre synspunkt.
Når NVE opnar for slik revisjon av konsesjonsvilkåra i eit vassdrag, så er det i utgangspunktet for å få innført nye og standardiserte vilkår etter vassdragsreguleringslova. I følgje NVE skal dei nye vilkåra i større grad forplikta konsesjonæren til å ta omsyn til miljø og lokale forhold etter som tida går. Men, sjølvsagt i andre rekkje etter hovudintensjonen med konsesjonen – som er å produsera kraft. Når det vert høyringar som dette, så er det for at NVE skal finna ut om det er lokale forhold som gir grunn til å påleggja konsesjonæren tilleggsvilkår ut over dei lovfeste.
Vegen vidare er no at konsesjonshavaren vil svara NVE på det som er innkome. Deretter vert alle partar i saka og me som har gitt høyringssvar, bedne inn til synfaring. NVE har ikkje fastsett nokon dato for dette, men så snart me veit vil me gjera det kjent.
Referat frå dei siste møta
Me har hatt møte med Rykkje Grunneigarlag 04.10 og påfølgjande styremøte 08.10 og 19.10 for å gjera ferdig høringssvar til vilkårsrevisjonen for reguleringa i Bergsdalsvassdraget
Dokumenta finn du i mappa for 2021 her
Merking av vinterløype

Tormod har i sommar fornya merkinga av vinterløypa frå Lie og har hengt opp nye refleksar. Dette kjem vel med no når haustmørket er her.
Styret takkar for innsatsen 🙂
Revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringa av Hamlagrøvatnet
NVE har opna for revisjon av vilkåra som ligg til grunn for kraftproduksjonen i Bergsdalsvassdraget. BKK som er konsesjonshavar har laga eit fyldig revisjonsdokument som gir innsikt i både utbyggingshistorie, natur og miljø. Her finst og alle noverande avtalar og vilkår for reguleringa samla på ein stad.
Medlemmene i Kyrkjevika Hyttelag må, saman med grunneigarane i området, kunna seiast å vera sentrale interessentar i høve til kva reguleringa har å sei for både friluftsliv og utmarksbasert næring i området. Me vil difor oppmoda alle medlemmer om å lesa BKK-dokumentet og koma med innspel til styret.
Den pågående revisjonen har og vore tema på det årlege møtet med Rykkje Grunneigarlag.
Styret arbeider med ei fråsegn som må leverast NVE innan 01. november 2021.