Referat frå årsmøtet tysdag 5.mars, er no å finna på årsmøtesida
Kategori: Uncategorized
Referat frå medlemsmøte i Kyrkjevika Vasslag og årsmøte i Kyrkjevika Hyttelag
Referat frå møta er no lagde ut på årsmøtesida.
Kart over adresseparsellar i Hamlagrø
I juni 2022 vedtok Kvam Herad i sak 22/2604 namn på adresseparsellar for Hamlagrø og Kvamskogen. Vedtak og kart er å finna på heradet sine heimesider.
Dato for sluttbefaring for vilkårsrevisjonen er fastsett
Kyrkjevika Hyttelag og alle andre som har levert høyringssvar har fått invitasjon til NVE si sluttbefaring som vert 8. september. Representantar for styret vil stilla for å leggja fram dei sakene me har teke opp. Det vert styremøte 25.08 for å førebu dagen. Program for synfaringa ser de her.
Eviny (BKK) sine merknader til innkomne høyringssvar
NVE hr publisert Eviny (BKK) sine merknader til innkomne høyringssvar til revisjonsdokumentet deira.
Ikkje uventa så avviser Eviny alle krav og merknader som ikkje understøttar deira eigne forslag til nye vilkår. Når det gjeld tilhøva om vinteren vert alt avvist.
Her vil me måtta førebu oss godt fram mot ei komande synfaring. Les svaret – og revisjonsdokumentet og meld til styret om de har gode argument, døme eller kan peika på ting som ikkje er rette.
Dugnad og olsoksamling
I år får me ikkje til noko organisert sommarsamling ved olsok i regi av styret. Men det er likevel ikkje noko i vegen for å samlast – gjerne rundt eit bål og gjerne ved Orfallet der me har vore før.
Av forslag til nudsynt dugnadsarbeid har me fått høyra at stien i Raubergskar og på myra ved Lomatjørn / fossen treng litt fornying. Det har m.a. vakse opp mykje tistel her og den kan godt rivast opp.
Ha framleis ein fin sommar – i regn eller sol.
NVE si synfaring, utsett
Senioringeniør Stein Wisthus Johansen i Energi- og Konsesjonsavdelinga i NVE melder i ein e-post til hyttelaget at det ikke vert synfaring i Hamlagrø / Bergsdalsvassdraget før etter sommaren. Dato er enno ikke fastsett.
Dugnad på Søreplassen 11.06 frå 11.00
Årets dugnad for å setje opp gjerde, rydda langs båtopptrekket og gjera anna vedlikehald, vert laurdag 11.06 frå kl 11.00.
Påminning – kontingent for 2022
Det er framleis nokre som ikkje har betalt kontingent for 2022.
Som før er den på Kr 350,- og inkluderer fiskekort.
Får de og med gards/bruks og festenr. så slepp me å bruka tid på purring 🙂
Årsplan 2022-23
På styremøtet 15.03 sette me opp denne planen for aktivitetar (oppdatert 03.06):