Eviny (BKK) sine merknader til innkomne høyringssvar

NVE hr publisert Eviny (BKK) sine merknader til innkomne høyringssvar til revisjonsdokumentet deira.

Ikkje uventa så avviser Eviny alle krav og merknader som ikkje understøttar deira eigne forslag til nye vilkår. Når det gjeld tilhøva om vinteren vert alt avvist.

Her vil me måtta førebu oss godt fram mot ei komande synfaring. Les svaret – og revisjonsdokumentet og meld til styret om de har gode argument, døme eller kan peika på ting som ikkje er rette.

Dugnad og olsoksamling

I år får me ikkje til noko organisert sommarsamling ved olsok i regi av styret. Men det er likevel ikkje noko i vegen for å samlast – gjerne rundt eit bål og gjerne ved Orfallet der me har vore før.

Av forslag til nudsynt dugnadsarbeid har me fått høyra at stien i Raubergskar og på myra ved Lomatjørn / fossen treng litt fornying. Det har m.a. vakse opp mykje tistel her og den kan godt rivast opp.

Ha framleis ein fin sommar – i regn eller sol.

NVE si synfaring, utsett

Senioringeniør Stein Wisthus Johansen i Energi- og Konsesjonsavdelinga i NVE melder i ein e-post til hyttelaget at det ikke vert synfaring i Hamlagrø / Bergsdalsvassdraget før etter sommaren. Dato er enno ikke fastsett.