12.06.2025 heldt Eviny felles orienteringsmøte om planane for nytt kraftprosjekt med Hamlagrøvatnet som magasin. Om dette vert realisert, kan det få konsekvensar for bruken av vatnet som transportveg både sommar og vinter.
Her kan du lesa hyttelaget sitt referat frå møtet
Parkeringslaget Hamlagrøosen laga referat om fleire sider av saka
Avisa Hordaland har eit stykke om forholda for hytter og stølar 03.07.2025
(link til artikkelen i avisa – for dei som held den)
Voss Heradsstyre fekk saka presentert 22.05
Eviny skriv om saka på sine websider
Kva meiner Kvam Herad?
Alt hyttelaget har spela inn til den enno ikkje ferdige vilkårsrevisjonen vil ver aaktuelt og i samband med ein ny konsesjon. Laget må altså bu seg på meir arbeid med å få merksemd om problemstillingane inn i konsekvensutgreiing for Dale III- prosjektet.
Og – om prosjektet vert realisert og det vert massar frå to mil med overføringstunell til rådvelde, så bør det ikkje vera heit umogeleg for Eviny å få realisert gode kompenserande tiltak.