Høyringssvar til NVE

Fyrste november gjekk fristen ut for å senda høyringssvar til NVE i samband med vilkårsrevisjon for Bergsdals- og Torfinnsvassdraget.

Som de veit, har styret arbeidd med dette ei stund og har på vegne av dykk som er medlemmer, levert vårt svar. Her har me lagt vekt på tre problemstillingar som me meiner er dei viktigaste for oss som har hytte på den veg- og straumlause sørsida av vatnet:

  • ferdsel om vinteren – det viktigaste punktet
  • sommarferdsel med båt
  • sikring av dei kunstige overføringselvane i området

Det har og vore viktig for oss å gjera revisjonen kjent for andre med interesser i Hamlagrøområdet. Me trur me har lukkast med det og det vil truleg vera fleire fråsegner som stør oss i våre synspunkt.

Når NVE opnar for slik revisjon av konsesjonsvilkåra i eit vassdrag, så er det i utgangspunktet for å få innført nye og standardiserte vilkår etter vassdragsreguleringslova. I følgje NVE skal dei nye vilkåra i større grad forplikta konsesjonæren til å ta omsyn til miljø og lokale forhold etter som tida går. Men, sjølvsagt i andre rekkje etter hovudintensjonen med konsesjonen – som er å produsera kraft. Når det vert høyringar som dette, så er det for at NVE skal finna ut om det er lokale forhold som gir grunn til å påleggja konsesjonæren tilleggsvilkår ut over dei lovfeste.

Vegen vidare er no at konsesjonshavaren vil svara NVE på det som er innkome. Deretter vert alle partar i saka og me som har gitt høyringssvar, bedne inn til synfaring. NVE har ikkje fastsett nokon dato for dette, men så snart me veit vil me gjera det kjent.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.