NVE hr publisert Eviny (BKK) sine merknader til innkomne høyringssvar til revisjonsdokumentet deira.
Ikkje uventa så avviser Eviny alle krav og merknader som ikkje understøttar deira eigne forslag til nye vilkår. Når det gjeld tilhøva om vinteren vert alt avvist.
Her vil me måtta førebu oss godt fram mot ei komande synfaring. Les svaret – og revisjonsdokumentet og meld til styret om de har gode argument, døme eller kan peika på ting som ikkje er rette.
I år får me ikkje til noko organisert sommarsamling ved olsok i regi av styret. Men det er likevel ikkje noko i vegen for å samlast – gjerne rundt eit bål og gjerne ved Orfallet der me har vore før.
Av forslag til nudsynt dugnadsarbeid har me fått høyra at stien i Raubergskar og på myra ved Lomatjørn / fossen treng litt fornying. Det har m.a. vakse opp mykje tistel her og den kan godt rivast opp.
Senioringeniør Stein Wisthus Johansen i Energi- og Konsesjonsavdelinga i NVE melder i ein e-post til hyttelaget at det ikke vert synfaring i Hamlagrø / Bergsdalsvassdraget før etter sommaren. Dato er enno ikke fastsett.
Etter årsmøtet var det medlemsmøte og der kom det fram at Eviny (før BKK) har orientert Kvam Herad om at dei vil ta opp att planar om å overføra meir vatn frå elvar og bekker mellom Skrott og Manfjell til Hamlagrø. Prosjektet har vore påtenkt sidan 70-talet. Det er og nemnt i BKK sitt revisjonsdokument. Til forskjel frå i tidlegare vert det no omtala «mikrotunnel / borehol» – kva no det måtte ha å sei. Presentasjonen Eviny gav Kvam Herad finn du her.
Både Kvam Herad og Voss Herad har gjort vedtak om å be NVE om å stogga tappinga av vatnet 1. mai (mot 15. mai i dag) og om ikkje å tappa igjen før vatnet har nådd kote 585 (mot 584 i dag).
Neste steg i prosessen vert at me gjer førebuingar til å vera med på NVE si synfaring.
Vidare vil styret i Hyttelaget gjera sitt beste for å fremja vårt syn både gjennom sosiale medier og gjennom direkte kontakt. Alt vert gjort i samråd med grunneigarane på Rykkje og i Blåkoll og med «Hamlagrøvatnets Vel». Det meste av kommunikasjonen finn de i filmappa for 2022.
Fyrste november gjekk fristen ut for å senda høyringssvar til NVE i samband med vilkårsrevisjon for Bergsdals- og Torfinnsvassdraget.
Som de veit, har styret arbeidd med dette ei stund og har på vegne av dykk som er medlemmer, levert vårt svar. Her har me lagt vekt på tre problemstillingar som me meiner er dei viktigaste for oss som har hytte på den veg- og straumlause sørsida av vatnet:
ferdsel om vinteren – det viktigaste punktet
sommarferdsel med båt
sikring av dei kunstige overføringselvane i området
Det har og vore viktig for oss å gjera revisjonen kjent for andre med interesser i Hamlagrøområdet. Me trur me har lukkast med det og det vil truleg vera fleire fråsegner som stør oss i våre synspunkt.
Når NVE opnar for slik revisjon av konsesjonsvilkåra i eit vassdrag, så er det i utgangspunktet for å få innført nye og standardiserte vilkår etter vassdragsreguleringslova. I følgje NVE skal dei nye vilkåra i større grad forplikta konsesjonæren til å ta omsyn til miljø og lokale forhold etter som tida går. Men, sjølvsagt i andre rekkje etter hovudintensjonen med konsesjonen – som er å produsera kraft. Når det vert høyringar som dette, så er det for at NVE skal finna ut om det er lokale forhold som gir grunn til å påleggja konsesjonæren tilleggsvilkår ut over dei lovfeste.
Vegen vidare er no at konsesjonshavaren vil svara NVE på det som er innkome. Deretter vert alle partar i saka og me som har gitt høyringssvar, bedne inn til synfaring. NVE har ikkje fastsett nokon dato for dette, men så snart me veit vil me gjera det kjent.
Me har hatt møte med Rykkje Grunneigarlag 04.10 og påfølgjande styremøte 08.10 og 19.10 for å gjera ferdig høringssvar til vilkårsrevisjonen for reguleringa i Bergsdalsvassdraget Dokumenta finn du i mappa for 2021 her